Vil hindre at folk «stikk seg attonde»

- På tide med offentleg toalett på Standaleidet

Standaleidet har blitt umåteleg populært, men det medfører også problem når folk føler seg trengde…  Foto: Arkiv

Nyheiter

Standaleidet Hytteforeining har skrive eit velformulert brev til Ørsta kommune med søknad om oppsetjing av offentleg toalett på Standaleidet:

«Friluftsområdet på Standaleidet har etter kvart vorte umåteleg populært, sommar som vinter. Skientusiastar, tindebestigarar, ruslarar, syklistar, badegjestar, bærplukkarar, hundetrenarar, - kort sagt naturbrukarar av alle slag – strøymer til Eidet i stadig større omfang. Dette medfører sjølvsagt visse utfordringar, m.a. når lekamen treng å kvitte seg med avfall», skriv leiaren i hytteforeininga, Kjell Narve Bergsnev, og held fram:

«Folk må då finne seg ein stad å «stikke seg attonde», og der blir resultatet liggande, gjerne med papir til.. Det er ikkje hyggjeleg for den som kjem etter, så Hytteforeininga vil hermed på det sterkaste oppmode kommunenom å gjere ende på problemet, ved snarast råd å setje opp eit toalettbygg.»

Slike fasilitetar meiner Bergsnev og hytteforeininga må leggast ved parkeringsplassen, slik at bygget – sjølvsagt med universell utforming – blir lett tilgjengeleg for alle. Og han meiner det ville vere svært høveleg om bygget kom på plass no, i samband med oppgraderinga av parkeringsplassen og kommunevegen over Eidet.