Nytt koronatilfelle i Ørsta

Testing av korona utanfor legesenteret i Ørsta.(arkivfoto)  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ein person har testa positivt på Covid-19 i Ørsta denne veka.

– Vi ventar på prøvesvar frå person i same husstand, men kan rekne med at vi no har to nye smitta som oppheld seg i Ørsta kommune, skriv kommunen i ei pressemelding.


Nytt koronatilfelle i Ørsta

– Dette har vi venta og frykta

Ordførar Stein Aam oppmodar folk om å vere flinke med smittevern.


– Smitta skriv seg truleg frå eit større utbrot i ein annan del av landet. Dei to har vore på fleire butikkar i Ørsta og Volda før dei fekk symptom. Vi vil difor påpeike viktigheita av å halde avstand på butikkar og andre offentlege areal, skriv kommunen i pressemeldinga.