Ein elegant, men bestemt fugl

- Både makrellterna og raudnebbterna er hissige reirvernarar og går rett i skallen på deg

Ei terne er ikkje berre ei terne.

Terna: Ein fugl som har sansen for det gode livet, dersom det inneber mykje lys og brukbart med varme, og som oftast rikeleg med sol.   Foto: Illustrasjon: Arne Ola

Akte deg vel, og syt i det minste for å ha på deg ei skikkeleg lue, om du forvillar deg inn i ein ternekoloni! For dei er hissige reirvernarar og går rett i skallen på deg

Nyheiter

Hos oss har vi vanlegvis to arter som går rimeleg godt i lag, kan hekke på same område, og er nokså like å sjå til. Makrellterne og raudnebbterne.

Dette er ein fugl som har sansen for det gode livet, dersom det inneber mykje lys og brukbart med varme, og som oftast rikeleg med sol. Og det er den fuglen som gjennom ei vanleg fugleliv flyg lengst, i kilometer. Når våren kjem, gjerne ein fin maidag, så er terna på plass, Kanskje nokre slår seg til ro i Ørsta, på Lianesholmane eller dei flate taka i Ørsta sentrum, medan tusenvis andre ikkje stansar før dei er på dei vanlege reirplassane på kysten av Svalbard. Då har dei floge rundt 20.000 kilometer frå iskanten i Antarktis. Og når dei kjem til vår nørdste landsdel, Finnmark, eller endå lenger på norsk jord, Svalbard, då har allereie midnattssola gjort døgnet lyst.


Trommisen

Det er noko eg har fundert på i alle år: Korleis kan spettene hakke så hardt i trestammene utan å få hovudverk, eller skallebank som ein kompis med røter i Setesdal brukar å seie.



Røvaren

I dag skal eg presentere han som mange vil kalle «røvaren».


Etter hekkinga, på seinsommaren, dreg ternene, særleg raudnebbterna, sørover igjen. Kryssar dei store hava, legg bak seg seinsommar og dalande midnattssol, for etter nokre veker å kome til dei sørlegaste verdstraktene, der midnattssola akkurat dukkar opp.

Terna er ein utsøkt elegant fugl. Berre namnet fortel om noko spesielt, kanskje særleg det latinske: sterna. Og mange langs kysten vår gler seg kvar vår når ternene er på plass igjen med sine kvasse tilrop, sine elegante flygeferdigheiter, og bråstup i sjøen for å fange ein liten fisk, anten til middag eller til maken som ligg på reiret.


Han kjem heilt frå Sentral-Afrika for å plage småfuglar

«Gauken, gauken klukkar og ler….» song vi. Og no er det like før.



Tårnseilaren

– Frå han vert fødd, kan det gå tre-fire år utan at han er i kontakt med bakken

Denne fuglen er det kanskje få som kjenner til.


Men akte deg vel, og syt i det minste for å ha på deg ei skikkeleg lue, om du forvillar deg inn i ein ternekoloni! For både makrellterna og raudnebbterna er hissige reirvernarar og går rett i skallen på deg, bokstavleg tala. Eg kan godt hugse ein eldre kompis i ei bygd på Sunnmøre, han skulle ein tur ned til sjøen og kom uforvarande midt i ein heil flokk hekkande terner. Det rann blod frå hovudet hans i strie straumar då han skrekkfull sprang der ifrå, så han nest kom ut or Askim gummistøvlar nr. 45.




Spettmeisa: I full fart, med hovudet ned

Den klare «plystre- lyden» frå spettmeisa er lett kjenneleg. Kanskje har du ikkje lagt merke til denne artige fuglen som held til i blandingsskogen vår.


Hos oss har eit litt nytt fenomen kome til dei siste åra: Ternekoloniar på flate hustak i Ørsta sentrum. Kanskje vart det utrygg på dei tradisjonelle reirplassane. Mink og folk og fe gjorde livet utrygt der. På hustaka er dei rimeleg trygge, og er det småfisk og anna mat langs fjøra og i sjøen, kan val av hustak som koloniområdet vere ei fornuftig løysing.