Nordfjord

Sjukepleiar testa positivt etter kontakt med smitta svensk vikarlege

Nordfjord sjukehus.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes/Fjordabladet / NTB scanpix

Nyheiter

Fredag vart ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus stadfesta smitta av koronaviruset. Måndag kveld var testresultata for kollegaer og pasientar vedkomande har vore i kontakt med klare.

Det skriv VG.

– Ein sjukepleiar som har jobba saman med den svenske legen på ei vakt, har testa positivt, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Testane til pasientane som hadde hatt nær kontakt med legen var negative. Sjukepleiaren vart sett i karantene måndag kveld, men var på jobb på ytterlegare to vakter etter det sannsynlege smittetidspunktet.

– Dette gjer at nokre fleire pasientar som var inneliggande på desse vaktene må verte isolert på einerom og verte testa, skriv sjukehuset.

Det vert arbeidd med å spore pasientar og tilsette som sjukepleiaren har hatt kontakt med.

Helse Førde kan ikkje utelukke at fleire kan ha vorte smitta og kan teste positivt seinare, opplyser dei i pressemeldinga.

Pasientar frå Nordfjord som må leggast inn, vert sendt til Førde inntil vidare.