Reagerer på byggerestriksjonar i rasområde

– Vi kan ikkje berre akseptere at folk må flytte frå gard og grunn, seier Stein Aam

Synfaring: Ordførar Stein Aam og geolog Brigt Samdal frå NVE på synfaring i Årsetdalen,der det har gått fleire ras dei siste åra. (arkivfoto)  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

I alt 14.000 nordmenn bur på stader der staten meiner det er sannsynleg at det vil gå skred, noko som kjem fram på eigne kart som er utarbeidde. På kjøpet følgjer strenge byggerestriksjonar. NRK- radio har sett fokus på saka, og har brukt Ørsta som døme. NRK

– Vi kan ikkje berre akseptere at folk må flytte frå gard og grunn og næringsverksemd på grunn av farekarta som er utarbeidd, seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) til NRK.

Vil sikre meir

På Vallabøen i Ørsta sentrum er det bygd ein vernevoll til 30 millionar kroner, der NVE dekker 80 prosent og grunneigarar 20 prosent av kostnaden.

– Noko slik finansiering må ein få til også på mindre tiltak, som på gardsbruk eller næringsverksemd, seier Aam, og meiner NVE derfor må få større løyvingar til sikring.

Stadig meir ekstremvêr gjer at Aam meiner det hastar å få løfta problemstillinga.

– Løyvande myndigheiter må sjå på korleis dette skal handterast dette for framtida. Skal utbyggar betale dette aleine, risikerer vi stopp og fråflytting.