No har du vikeplikt i dette krysset

Endra køyremønster på deler av Mosmarkvegen.

Krysset frå Vallabøen/Engeset til Mosmarkvegen. Her vert det no vikeplikt i begge retningar, då Mosmarkvegen vert forkøyrsveg.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Frå og med tysdag 30.06, vert deler av Mosmarkvegen forkøyrsregulert, fortel prosjektingeniør Dag Jarle Aa i Ørsta kommune.

Dette gjeld strekninga frå krysset mot Dalevegen til rett sør for krysset mot Øvremovegen. Det vil seie at alle som kjem frå sidevegar og skal inn på Mosmarkvegen på denne strekninga vil ha vikeplikt for køyrande på Mosmarkvegen.

Mosmarkvegen vert forkøyrsveg.  Foto: Ørsta kommune

Bakgrunnen for ny skiltplan er mellom anna at det i detaljreguleringsplan «Pettermarka» ligg inne som rekkefølgjekrav at Mosmarkvegen skal forkøyrsregulerast frå krysset ved fylkesveg 655 til Øvremovegen før det vert gjeve bruksløyve til leilegheitene omfatta av reguleringsplanen, då desse skal ha tilkomst frå Mosmarkvegen.

Pettermarka. Her er det krav om at Mosmarkvegen vert forkøyrsveg før det vert gitt bruksløyve til leilegheitene.  Foto: Janne-Marit Myklebust