Steinsvik Olivine trua med tvangsmulkt på 1000 kroner dagen

Må asfaltere og ordne opp i elva innan 1. oktober

Støvplage i Steinsvika 26. juni i år.  Foto: Sindre Kvangarsnes

Nyheiter

Volda kommune pålegg Steinsvik Olivine AS å asfaltere anleggsvegen frå dagbrotet til utskipingskaia og føre ein bekk tilbake til sitt naturlege elveløp innan 1. oktober. Om dette ikkje vert gjort innan fristen, får bedrifta ei løpande dagsmulkt på tusen kroner per dag.