Klargjer for ny bru

Det nærmar seg realisering av ny bru ved Vassenden i Åmdalen,men eit byråkratisk hinder må fjernast.

Her skal fylkeskommunen byggje ny og breiaren bru.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Fylkesutvalet skal handsame det som på byråkratspråket heiter «fråvikssøknad». Det vil seie at vegbyggjarane må fråvike vanlege vegnormer. Etter boka burde brua kome lenger ned i elva, slik at vegen får forskriftsmessig kurve før og etter brua.- Fråvikssøkjar ønsker å bygge ny bru på same stad som den eksisterande brua for å unngå berøring av elva. Samstundes med bygging av ny bru, vil fråvikssøkjar utbetre om lag 150 meter veg. Kompenserande tiltak er å auke horisontalradius i svingen frå hhv. 75 til 85 meter og frå 40 til 55 meter før og etter brua, står det i sakspapira.

– Bygging av ny og breiare bru over elva og ei auke i radius i svingane før og etter den nye brua vil gi betre vegstandard, sjølv om radius for svingane ikkje tilfredsstiller krava i N100 Veg- og gateutforming, står det vidare.

Den såkalla «Fråviksgruppa» har konkludert med at fråvik er tilrådeleg, under føresetnad av diverse «avbøtande tiltak», mellom anna eit langt rekkverk.

– Vi meiner det er viktig at det vert tatt miljøomsyn ved etablering av ny bru i dette området, og vi ser heilt klart fordelane ved at den vert bygd på same stad som den gamle slik at ein unngår store inngrep i eit sårbart område, uttalar « Fråviksgruppa».

Fylkesrådmannen tilrår fylkesutvalet å godkjenne fråviket.