Volda kommune

Utsending av faktura for eigedomsskatt

Fakturaene er på veg ut til husstandane.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Krav om innbetaling av eigedomsskatt for første halvår 2020 er no på veg ut til både digitale og ordinære postkasser, melder Volda kommune.

Dei som har eigedom i tidlegare Hornindal kommune og Bjørke-området vil i tillegg få eigen skattesetel med utfyllande informasjon om takst og taksering.

Reduksjon for bustadar og fritidsbustadar

Nytt av året er at regjeringa har innført ein generell reduksjon i eigedomsskattegrunnlaget på 30 % for bustadar og fritidsbustadar. Du som har hatt eigedomsskatt tidlegare vil nok derfor oppleve å få ein reduksjon i eigedomsskatten i år. Dette gjeld i hovudsak for våningshus og fritidsbustadar. Du som har ein ordinær bustad der vi får grunnlaget frå Skatteetaten vil oppleve minimal skilnad frå i fjor da det også tidlegare var ein reduksjon her, men da på 20 %. Grunnlaga frå Skatteetaten blir i tillegg årleg justert mot generell prisauke på bustadar.

Det er inga endring når det gjeld næringseigedom.

Det er seks vekers klagefrist etter ein har motteke skattesetel/ faktura og du som har vald digipostlevering vil få skattesetel/faktura tilsendt til di digitale postkasse.