Rekkverk til jul, no kjem asfalten

Finnesvegen fekk glidekantar før jul. No kjem det asfalt også. Arkivfoto  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Ørsta vedtok å ruste opp vegen til Finnes før Bjørke gjekk til Volda. No følger Volda opp.

- Volda kommune skal måndags morgon starte arbeidet med asfaltering av grusvegar i område Bjørke.
Mellom anna gjeld dette vegen til Finnes og gjennom Bjørkebygda, står det på Volda kommune sine heimesider.

Det kan verte noko redusert framkomelegheit på desse vegane i periodar på måndag – onsdag 29. juni - 1. juli.