El-ferjer manglar straum

"Ullensvang" ved Festøya ferjekai. Denne ferja skal snart få "avløysing" av ei elferje.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Rundt den 12. juli skal den nye el-ferja «Festøy» byrje å gå i sambandet Festøya-Solavågen. Då er to av tre elferjer på plass.

Men ferjene må gå på diesel ei god stund til, skriv Sunnmørsposten.

Inge André Utåker, regionsjef i Norled, seier at hovudgrunnen er at dei ikkje har fått bygd ein ladestasjon enno.

– Den første elektriske ferja «Tidefjord» vart bygd om i fjor haust og var ferdig i februar i år. Den har kunne gått elektrisk sidan, men fordi det ikkje er ladestasjonar går den framleis på diesel, seier Utåker.

Det skal kome nye ferjekaier ved strekninga og ladestasjonane kan ikkje setjast opp før dette arbeidet er gjort. Norled som står for utbygging av ladestasjonen, men det er Statens vegvesen som har ansvar for å byggje ferjekaia.

– Arbeidet skulle eigentleg vort avslutta no snart, men vi måtte planlegge å byggje ferjekaia ein anna stad fordi vi fann ut at vindforholda og grunt vatn ved den vestlege kaia på Solavågen gjer at normal trafikkavvikling i anleggsfasen var for usikker, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Olav Mergund, til Sunnmørsposten.

Fordi det ville bli upraktisk å montere ladestasjonen ved den gamle kaia i berre eit års tid, vart det bestemt å vente til ny kai er ferdig.

Byggearbeidet for den nye kaia startar i oktober. Mergund forsikrar om at Statens vegvesen vil sørge for at Norled får bygd ladestasjonar samstundes med kaia slik at overgangen til elektriske ferjer kan komme fortast mogleg.

– Kjem vi i gang i oktober som planlagt, skal alt vere klart ved årsskiftet 2021/2022.