Brennheitt på Urke Kaihus - sjefen måtte kjøle seg ned med nattbad

Tore Lindbæk tek seg ein midnattsdukkert etter jobb.  Foto: Privat

Nyheiter

Laurdag var ein brennheit dag i Norangsfjorden – ikkje minst for den som jobba så sveitten sila bak hamburgergrillen.

Etter dagens dont måtte dagleg leiar Tore Lindbæk ved Urke Kaihus hoppe i fjorden for å kome til hektene igjen. Dermed vart det midnattsbad etter at gjestane hadde reist.

- Eg måtte kjøle meg ned. Det hadde vore fullt køyr. Og badet var deilig. Det var tropenatt, seier Lindbæk, som for ikkje lenge sidan opna dørene igjen etter fleire tunge månader med koronakrise.

Urke Kaihus har eit stolt historie frå tilbake til fjordbåten si tid, men i fleire år stod huset ubrukt. Dei siste åra har Lindbæk drive kaihuset som kafe.

- Folk som har besøkt kaihuset fortel gjerne vener om denne litt eksotiske kafeen. Og fleire kjem ganske langvegsfrå, seier Lindbæk, som driv kafeen saman med broren Andreas. Dei har nyleg også tatt over drifta av Lets Eat Deli i Ålesund.

No i sommarsesongen går det skyssbåtar frå Ålesund til Urke, noko som gjer at dei kan kombinere jobb begge stader.