Blåmann i Aasen-tunet i sommar

Blåmann (t.h.) og geiteflokken i Aasen-tunet  Foto: Ivar Aasen-tunet

Nyheiter

Både unge og gamle har eit forhold til diktet «Blåmann» av Aasmund Olavsson Vinje. Som songpioner var Vinje like viktig som Ivar Aasen.

– Med ny teknologi kan vi i år glede oss over å ha geiter i tunet. Dei minner oss om kulturskattane våre og bidreg til at vi tek vare på naturen og kulturlandskapet rundt, seier dagleg leiar Tone Slenes. Ho har blitt litt kjend med geitene, som heiter Blåmann, Bruse, Sky, Aragorn og Khan, skriv Aasen-tunet i ei pressemelding.

Pleie av kulturlandskapet

Ivar Aasen-tunet samarbeider med Rotevatn geitelag, som driv med kasjmirgeiter for å halde kulturlandskapet i hevd. Beitedyr har forma landskapet vårt i fleire hundreår, og dette er ein naturleg og økologisk metode for kulturlandskapspleie. Gjennom aktiv bruk skaper ein eit levande kulturlandskap.

Blåmann og flokken med Tormod Utne i Rotevatn geitelag.  Foto: Aasen-tunet

– Geitene er ekspertar på å halde kratt nede, og beitet er avgrensa av gjerdelaus, digital teknologi utvikla i Møre og Romsdal av Nofence. Ved å bruke beitedyr unngår ein sprøyting og ressurskrevjande klipping, samtidig som naturen blir naturleg gjødsla. I tillegg er dyra rolege og barnevenlege, og med Blåmann i spissen skaper dei positivt liv der dei ferdast blant folk. Geitelaget er drive av to familiar i Vikebygda i Volda, seier Tormod Utne i Rotevatn geitelag.

Utne og Slenes bed publikum om å ha hundar i band og ikkje mate geitene. Det elektroniske gjerdet er regulert med lyd, slik at geitene ikkje kjem ned på vegen eller går utanfor beitet. Er det mykje sol, søkjer geitene til skuggen i skogen.