Meiner flåten på Årneset er farleg

– Tjue på badeflåten då den velta

Den velta badeflåten på Årneset.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Det var ikkje nattlege ranglefantar som velta badeflåten ved Årneset. Eit augevitne til fadesen fortel at det hende i 16 – 17-tida laurdag ettermiddag.

– Det var om lag tjue på flåten, og mange unge såg ut til å prøve å velte den, fortel personen, som vil vere anonym. Og held fram:

– Flåten er på ingen måte bygd for å vere stabil. Den er for smal, og stigen er på sida, noko som gjer den ustabil kvar gong nokon i staden går opp på endane. Flåte er designa slik at den kan vere til skade for folk, fortel personen, som skildrar dramatikk då flåten gjekk rundt:

– Ja, der var barn som slo seg då det skjedde. Eg var der sjølv og prøvde å hindre veltinga, men fekk meg ein kul då brygga trefte meg. Eg sjekka også botnen etter det som hende, for å sjå om nokon hadde drukna. Men fann heldigvis ingen.