Sommar for alle pengane

Sommar 

Sommar 

Nyheiter

Sommar, sommar. Det er mykje å gle seg over. La «Syden» fare. Vi har eit land, vi har eit distrikt som overgår det meste vi elles kan få sjå. Berre ein «vanleg» biltur gir sterke opplevingar langs vegkantane

.

Sommar i småbåthamna på Rjåneset, med Liadalsnipa som blikkfang.  Foto: Arne Ola

Tiriltunge i kilometervis, litt ispedd raudkløver. Det blømer så utruleg no om dagen. Til og med på moloen på småbåthamna på Rjåneset. Ei blomsteroppleving av dei store. Og med Nipa og fjorden og livet på hamna i tillegg, kan du berre nyte synet, til dømes den flotte «fjelltoppen» som er ein del av molovernet

.

Fasinerande mønster, for dei som tek seg tid til å sjå etter.  Foto: Arne Ola

Og då har eg ikkje nemnt vegen til bygda, der dei store gyvelbuskane overgår nesten alt i si utrulege gylne prakt. Kanskje det er tid for å slakke på farta og bruke auga, også på det vi køyrer forbi.

God sommar – også med kamera!