Preike

Karate Kid

I min oppvekst kan eg hugse at ein av dei aller mest populære filmane heitte Karate Kid.

Karate kid: Ein film om ein ung gut som møter ein karatemeister i sitt eige nabolag. 

Tenk å finne ein ukjent meister bortgøymt i sitt eige nabolag! Tanken var spanande! For meg vart Jesus ein slik meister

Nyheiter

Filmen handla om den unge guten Daniel som blir erta, og som saknar ei retning i livet. Han blir ven med Miyagi, ein eldre japansk mann i gata som får han til å gjere ein masse unyttige ting som han ikkje skjønar meininga med. Så viser det seg at alle desse unyttige tinga berre har vore ein test for å sjå om Daniel er tolmodig nok.

Ein vakker dag fortel den eldre mannen at Daniel er klar. Han blir veldig overraska då han finn ut at Miyagi er ein karatemeister, utan at nokon andre veit om det. Han vert Daniel sin mentor, og han pressar han stadig meir for å verte betre og betre i denne kampsporten.

Og så til slutt, ein dag, er Daniel klar til å stå opp mot bøllene som ertar han, og han får seg kjærast, og ein amerikansk bil attpå til, i god amerikansk stil

.

Sokneprest Espen Aarseth i Hjørundfjord og Storfjord sokn.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Denne filmen appellerte veldig til meg og mange av mine vener. Tenk å finne ein ukjent meister bortgøymt i sitt eige nabolag! Tanken var spanande!

For meg vart Jesus ein slik meister, som ikkje berre inviterte meg, men og utfordra meg. Eg såg at kristentru ikkje berre var ei stadfesting av meg sjølv og min verdi, men og noko mykje meir. Det var og ein spanande invitasjon til å hengi heile meg til noko som var større.

Paulus samanliknar i søndagens bibeltekst, det å vere kristen, med det å vere idrettsutøvar. Når du er på stadion, då er du ikkje der berre for å trimme litt i ny og ne. Nei, det gjeld å vinne seierskransen! Han seier at det ligg ufatteleg mykje spanande der framme som ventar oss, dersom vi tør å satse alt vi har.

Han utfordrar oss ikkje berre til å følge straumen, men til å ta sats og hoppe i det.

Slik er det med mange ting, trur eg. Viss vi berre gjer det halvhjarta, blir det ikkje bra. Kanskje er det på tide å ta sats og tru med heile hjartet?

Bøn: Gud, la oss tørre å ta sats, og stole på at du har noko godt i vente for oss.

Amen

Preiketekst 4. søndag i treiiningstida

24 Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen!

25 Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg.

26 Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta.

27 Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.