Studentar får reise billeg

Studentar får billeg rabattkort  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Studentar som reiser med buss og ferje i Møre og Romsdal får gunstig rabatt det neste skuleåret.

– Fram Møre og Romsdal har bestemt seg for å tilby studentar i Volda og resten av Møre og Romsdal eit rabattkort som skal gjere det mykje billegare å reise med buss og ferje. Kortet skal koste 500 kroner og kan brukast fritt i heile fylket i studieåret, skriv rektkor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda i eit Nyhendebrev.

Dette er under halv pris samanlikna med vanlege rabattkort.