Meir pengar til turområde

Kommunen har tilrettelagt for friluftsliv på Andaneset.  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Volda kommune har motteke eit ekstratilskot på kr 450 000,- til vidare tilrettelegging av friluftslivsområdet på Andaneset. Tidlegare i år er kommunen tildelt kr 600 000,- til prosjektet på Andaneset, skriv Volda kommune på sine heimesider.

Bakgrunnen for tildelinga er at Møre og Romsdal fylkeskommune har motteke 930 000,- kroner i ekstraordinære tilskotsmidlar frå Miljødirektoratet som skal nyttast til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde i Møre og Romsdal.

-Volda får altså halvparten av midlane tiltenkt prosjekt i vårt fylke frå denne løyvinga, skriv kommunen.