Må avlyse loppemarknaden

Kommunen fryktar at den planlagde loppemarknaden i helga vert for populær, og seier nei til arrangementet.

Koronanei: Eilev Mo må utsetje loppemarknaden i helga 

Nyheiter

– Eg har fått beskjed frå fungerande smittevernoverlege og kommunen sin jurist om at det var fare for tilstimling av meir enn 200 personar, seier Eilev Mo, som er initiativtakar til loppemarknaden.

Dermed må arrangementet avlysast.

– Kanskje prøver eg på nytt i haust, eller neste sommar, seier han.