Stengjer vatnet

Nyheiter

Grunna arbeid på vassleidningsnett blir vatnet avstengt for abonnentar i øvre delar av Vallabøen torsdag 25. juni, melder Ørsta kommune på nettsidene sine.

Avstenginga vil vare frå kl. 09.00 og halde fram til arbeidet er ferdig innan om lag kl. 15.00. Abonnentar som blir råka av avstenging får beskjed og SMS-varsel på telefon.

Også på Vartdal vert vatnet stengt ein periode.

– Vi har oppdaga vasslekkasje på Dalelina vassverk på Vartdal og vil difor stenge vatnet 25. juni kl. 11:00-12:00. Når vatnet kjem tilbake la kaldt vatn renne til det er klart før bruk. Det er sendt ut varsel på telefon til dei abonnentane dette gjeld, men følg gjerne med på heimesida for eventuelle nye statusoppdateringar, melder kommunen.