På tide å klippe hekken

På tide å klippe hekkar og busker, oppmodar Ørsta kommune.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

– Vi er inne i ei tid der hekkar og busker veks fort og det er mykje lauv på trea. Du som eig eller er brukar av ein eigedom er ansvarleg for at vegetasjonen ikkje skaper trafikkfarlege situasjonar, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Det betyr at du må klippe hekkar, busker og tre slik at alle trafikantar har god sikt.

– God sikt er avgjerande for eit trafikksikkert lokalmiljø. Spesielt viktig er det å klippe ned vegetasjon om du bur nær eit vegkryss.