Lyser ut 13 ledige forskarstillingar

Høgskulen i Volda.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Høgskulen i Volda vil om kort tid lyse ut inntil 13 stipendiatstillingar. Stillingane er knytt til alle høgskulen sine fagområde.

– Høgskulen har aldri før lyst ut så mange stipendiatstillingar på ein gong, skriv rektor Johan Roppen i eit nyheitsbrev frå Høgskulen,

Grunnen til at det vert lyst ut så mange stillingar er at høgskulen fekk seks stipendiatstillingar som korona-tiltak og samtidig lyser ut stipendiatstillingane som høgskulen hadde frå før.



Den som får stipendiatstillingar brukar som regel å skrive doktorgradsavhandling. Stillingane fordeler seg slik: Lærarutdanningar (5), helse og sosialfag (4), planlegging (1), animasjon (1), kulturfag (1) og kulturmøte (1).