Han blir dagleg leiar for nye "Voldahallen"

Rune Aarflot (til høgre) saman med andre som har engasjert seg i bygginga av Volda Campus SpareBank1 arena. Frå venstre Elisabeth Mork (Volda handball), Bent Ingebrigtsen ( Volda handball), Johnny Kragset (styringsgruppa VCA).  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Styret i Volda Campus Arena AS har tilsett Rune Hauge Aarflot i stillinga som dagleg leiar i Volda Campus Sparebank 1 Arena

– Det var mange interessante søkjarar, og det vart gjennomført intervjurundar med i alt fem aktuelle kandidatar, med etterfølgjande referansesjekk. Etter ei samla vurdering vart Rune Hauge Aarflot innstilt som beste kandidat, og har akseptert styret sitt tilbod, skriv styret i ei pressemelding.

Rune har brei og lang yrkeserfaring frå grafisk industri og frå frivillig organisasjonsarbeid. Sidan 2016 har han bl.a. vore styreleiar i KFUM Volda Volleyball, og via dette også hatt rolla som nestleiar i styret i Volda CampusArena AS.

– Desse verva vert avslutta omgåande som følgje av tiltreding av stillinga som dagleg leiar. Stillinga som dagleg leiar er i første omgang ei engasjementsstilling med varigheit i to år, så vil stillingsomfang og innhald vert teke opp til vurdering, står det i ei pressemelding.

– Dagleg leiar vil ha stor fokus på drift av hallen no i innleiande fase, etablere gode rutinar og informasjonsflyt mellom brukarane og få til et godt samarbeid med alle, både på dag- og kveldstid. Etter kvart vil også dagleg leiar jobbe med utleige av ledige lokale, og saman med idretten og kulturlivetskape nye arrangement til glede for heile Volda-samfunnet, står det i pressemeldinga.