Kollisjon i Hovdebygda

Kollisjon i Hovdebygda  Foto: Tipsar

Nyheiter

To bilar kolliderte i Hovdebygda onsdag litt etter klokka 1600.

Ulykka skjedde ved avkøyrsla frå E39 og inn til Hovdebygda. Trafikken vart ein periode omdirigert.

Politiet skriv på twitter: Kl 1614. To bilar, to personar og to hundar involvert i trafikkulykke. Pr nå ikkje opplysningar om personskade, men den eine hunden skal ha blitt skadd - ukjent omfang."

Klokka 1650 kom denne oppdateringa: " Ein person køyrt til legevakt for sjekk. Mistanken er at hendinga har skjedd pga ikkje overhalde vikeplikt. Førarkort til den eine føraren er beslaglagt."