Framleis mange utan arbeid

Stein Veland, Nav direktør i Møre og Romsdal.   Foto: Svein Aam

Nyheiter

1438 personar i Ørsta og Volda er no heilt eller delvis arbeidsledige, viser tala frå NAV.

Ørsta har 217 heilt utan arbeid, og Volda 197. Dette er 3,8 prosent og 3,7 prosent av arbeidsstokken, og eit tal som er under landsgjennomsnittet på 5, 1 prosent. Talet på personar heilt utan arbeid er meir enn halvert sidan toppen i mars.

– Vi ser no effekten av at landet har letta på koronarestriksjonane. Alle fylke har reduksjon både i heilt ledige og delvis ledige. Det gjeld også dei aller fleste kommunane i Møre og Romsdal. Vi ventar at fleire vil kome i jobb i vekene framover. Samstundes er vi spente på korleis ein vanskeleg sommerjobbmarknad vil slå ut på arbeidsløysa no som ferien nærmar seg og fleire blir ferdige med skule og utdanning, seier NAV-direktøren i Møre og Romsdal, Stein Veland.