Jobbar for betre veg over Strynefjellet

– Vi er samla og slagkraftige

Tunge aktørar samlar krefter for å få pengar til ein sikrare og tryggare veg over Strynefjellet

Vegforum Rv15 skal kjempe for betre veg over Strynefjellet: Frå venstre: Stein Aam, Ørsta kommune, Edel Kveen, Skjåk kommune/Regionrådet Nord-Gudbrandsdal, Jan Thormodseter, Maritim Foreining søre Sunnmøre (Mafoss), Sven Flo, Stryn kommune (med på nett), Per Kjøllesdal, Stryn kommune og leiar Rolf Olav Tenden, Lastebileigarforbundet, Svein Sunde, Gode Vegar, Nils P. Støyva, LO, Alfred Bjørlo, Stad kommune/Nordfjordrådet. Også Pål Bakke, NHO var med på nett.   Foto: Vegforum

Nyheiter

I førre veke hadde Vegforum Rv15 møte på Nordfjordeid for å drøfte vidare strategi i arbeidet for ein 16 kilometer lang tunnel på Riksveg 15, og ein 7,6 kilometer lang tunnel på fylkesvegen frå Styrefjellet ned mot Geiranger.