Prøvde å setje fyr på barnehage

Det vart oppdaga forsøk på brannstifting ved Barnas Vel barnehage.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Ørsta kommune melder eit forsøk på brannstifting til politiet. Det var onsdag den 3. juni det vart oppdaga at det hadde vore forsøk på å setje fyr på bordkledning ved Barnas Vel barnehage.

– Hendinga kunne fort fått alvorlege konsekvensar. Skadeverket har skjedd seint om kvelden eller om natta og slikk sett ikkje blitt oppdaga før bygget hadde vore overtent, skriv kommunedirektøren i meldinga til politiet. Ho vil ha gjerningspersonen tiltalt.