Stor uvisse for hotella

Administerande direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold. Her på Vestlandstreffet 2017 i Bergen i oktober 2017. Foto: Margunn Sundfjord   Foto: Margunn Sundfjord

Nyheiter

(NPK) I desse dagar opnar hotella opp igjen, men uvissa for sommaren er stor.

– Nær 80 prosent av marknadsgrunnlaget for reiselivsnæringa er vekke for årets sommar, seier reiselivsdirektør i Visit Sognefjord Ståle Brandshaug til NRK.

Tidlegare i veka kom det fram at den vanskelege situasjonen etter koronautbrotet gjer at 4 av 10 av reiselivsbedriftene til NHO vurderer å seia opp tilsette. Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv seier likevel at det finst lys i mørket.

– Mange har lukkast med å tilpassa produktet sitt for å trekkja til seg norske gjester, og fleire små hotell ute i distrikta har gode bookingtal for sommaren. Det er nokre lyspunkt, men vi har ein lang veg å gå, seier ho til kanalen.

Fleire reiselivsbedrifter NRK har snakka med gjev likevel uttrykk for optimisme. Både Gloppen Hotell i Sandane og ved Lindstrøm Quality Hotel i Sogndal har hatt bra trykk på telefonen etter at dei opna.