- Har fått varsel om steinkasting, fysisk sjikanering og verbale trugslar

Illutrasjonsfoto av Pumptrack-bana på Ripateigane.   Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Nyheiter

Politiet i Ørsta har fått fleire meldingar frå foreldre som er uroa over tilhøva ved pumptrack-bana på Ripateigane.

Det er meldt om at unge på 12–14 år mobbar dei yngste som er der for å nytte bana. Politiet har fått varsel om både steinkasting, fysisk sjikanering og verbale trugslar. Vaksne som har vore til stades har og vorte sjikanert verbalt av desse unge, og foreldre kvir seg for å sleppe dei yngste ned på bana utan at vaksne er med, heiter det i ei pressemelding frå politiet i Ørsta.

Pumptrack-bana ved Ripateigane stod klar til bruk i fjor haust, men har ikkje blitt offisielt opna endå. Politiet vil halde fram med å ha området under oppsyn.

– Politiet ber om at foreldre snakkar med borna sine om korleis ein skal oppføre seg overfor kvarandre. Politiet kjem til å halde eit auge med aktiviteten i pumptracken framover, og vil om dette held fram ta direkte kontakt med dei står for mobbing.