Sæbø skule:

Tilrår utbygging for 52,4 millionar kroner

Det skal byggast ny skule og barnehage på Sæbø. Det vert tilrådd å bruke 52,4 millionar kroner på utbygginga.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

I april bad formannskapet kommunedirektøren om å legge fram skisse og kostnadsestimat for to alternativ for utbygging av andre etasje ved ein ny Sæbø skule. Onsdag denne veka skal politikarane diskutere saka på ny. Framfor dei ligg ei tilråding om å velje alternativ tre som grunnlag for tilbodskonkurranse. I tillegg vert investeringsramma utvida til 52,4 millionar kroner. Opphavleg var det sett av 35 millionar kroner til prosjektet.