Ber om økonomisk støtte

Ladies Circle Ørsta ønsker å kjøpe el-sykkel til Ørstaheimen. Dei ber kommunen om å bidra til spleiselaget.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Nyheiter

Kirkens SOS Møre og Romsdal og Ladies Circle Ørsta har begge sendt søknader om økonomisk støtte frå Ørsta kommune.

Kirkens SOS søker om ein sum på 3 kroner pr. innbyggjarar i kommunen. I overkant av 30.000 kroner. Midlane skal nyttast til samtaletenesta til organisasjonen.

– Dei fleste meldingar til Kirkens SOS omhandlar psykisk helse, einsemd og relasjonsproblem, heiter det i søknaden.

Ladies Circle Ørsta ber Ørsta kommune om å vere med på eit spleiselag. Planen er å kjøpe inn elsykkel til Ørstaheimen. sykkelen kostar om lag 80.000 kroner.

– Dei har starta innsamlinga gjennom spleis og loddsal, og håper at ein vil sjå verdien i å vere med på eit spleiselag. Dei søkjer difor om eit bidrag til innsamlinga deira, heiter det i saksutgreiinga.

Formannskapet skal handsame saka onsdag denne veka.