Trafikkuhell i Ørsta sentrum

Nyheiter

Fredag morgon rapporterte politiet om eit trafikkuhell i Ørsta sentrum. Meldinga kom klokka 08.00. Politiet er på veg til staden og eitt køyrefelt er stengt.

Trafikkulykke i Ørsta sentrum  Foto: Joachim Kroken Åsebø

Oppdatert: Ulykka har skjedd i Webjørn Svendsen-gata. Det er to bilar som har kollidert, melder Møre-Nytt sin reporter på staden. Det var mindre skader i samband med kollisjonen.