Opnar barnehagane for fullt frå 4. juni

Frå torsdag 4. juni vil Ørstabarnehagen ha ope i ordinær opningstid. 

Liadal barnehage.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det opplyser Ørsta kommune i ei pressemelding.

– Aller først vil eg takke dykk alle for den innsatsen og dugnadsånda som er vist i høve oppstart av barnehagane igjen etter at heile landet vart stengt ned 13. mars. Å måtte halde seg til kohortorganisering, mange hygienetiltak og andre opningstider enn ein treng kan vere utfordrande i ein travel kvardag, der ein sjølv også skal utføre sitt arbeid, seier seksjonsleiar for barnehage, Reidun Mo, i meldinga

Seksjonsleiar barnehage, Reidun Mo.  Foto: Janne-Marit Myklebust

.

Tysdag denne veka varsla regjeringa at det blir presentert nye smittevernrettleiarar for barnehage og skule. Det skal innførast eit «trafikklyssystem» med tre nivå, der helsemyndigheitene avgjer kva nivå den einskilde kommune/region er på. På grunn av låg smitte i Noreg i dag er det bestemt nasjonalt at alle er på gult nivå, med moderate tiltak. Døme her kan vere å halde fram med handvask og god hygiene og unngå å gå i barnehagen om ein er sjuk.

I Ørsta er det bestemt at barnehagane er klare til ordinær opningstid frå torsdag 4. juni.

– Barnehagane kan no også planlegge for nytt barnehageår på gult nivå. Dette gjer planlegging av oppstart og tilvenning til nytt barnehageår enklare. Men ein må samtidig vere førebudd på endringar i samfunnet dersom det blir meir smitte. Kva nivå ein til ei kvar tid er på er det helsemyndet som avgjer, ikkje den einskilde barnehage.