Får ikkje pengar frå fiskefondet

Ørsta jeger- og fiskarforeining og Bondalen elveeiarlag får ikkje tilskot frå fiskefondet til Fylkesmannen.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ørsta jeger- og fiskarforeining får ikkje tilskot frå fiskefondet til Fylkesmannen. Det får heller ikkje Bondalen elveeigarlag.

ØJFF søkte om 84.000 kroner til evaluering av kultivering og andre tiltak i samband med kultiveringa. Bondalen elveeigarlag søkte om 50.000 kroner til drift av elveeigarlaget.

Fylkesmannen avslår begge søknadene, men begge får likevel midlar.

– Evaluering og kultivering og sporingsanalysar i Ørstavassdraget vert i år fullfinansiert av Miljødirektoratet i eit utvida prosjekt, og det vert difor ikkje løyvd midlar, skriv Fylkesmannen i eit brev.

– Fylkesmannen har løyvd 105.000 til ein anna søknad frå Norsk institutt for naturforsking om evaluering av kultiveringa i Bondalselva, skriv dei til elveeigarlaget, som dermed også får avslag på sin søknad til drift av laget.