Flaggdag for hestefolket i Volda

Glade hestefolk i Volda  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Volda kommunestyre gir garanti på opp til seks millionar kroner til Volda rideklubb.

– Lånet skal finansiere bygging av permanent stålhall med isolert tak og plass til allaktivitet med hest heile året. Dette vil opne opp for at klubben vil kunne haheilårsdrift, står det i saksutgreiinga.

– Det er enkelt å seie eit rungande ja til ei tiltak frå så seigliva eldsjeler. At dei endeleg for ein skikkeleg hall i staden for å vere ein nomadegjeng. Eg applauderer og gratulerer med engasjementet, sa Henning Holsvik (KrF) i kommunestyret.

Og på utsida kunne kommunestyret høyre både gledeshyl, applaus og vrinsk. Der hadde rideklubben samla seg for å feire den epokegjerande støtta frå kommunen.