Ny plan for masseuttak på Standal

Knuseverk: I dag er det Ulstein Betongindustri AS og Hanset Sand AS som eig knuseverket på Standal.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Kommunedirektøren er positiv til at det vert starta arbeid med ein ny reguleringsplan for masseuttak på Standal.

Standal Knuseverk AS ynskjer å utvide planområdet, og har varsla reguleringsarbeidet formelt overfor kommunen.

Eit av føremåla med å starte ny planprosess no er m.a. at den nye eigaren ønskjer å tydeleggjere og tilpasse rammene for den vidare drifta, i tillegg til eit ønskje om å kunne nytte ein større del av ressursen på Standal.

Kommunedirektøren har ikkje merknader til at Standal Knuseverk AS set i gang ny planprosess knytt til massetaket på Standal, men legg til grunn at den vidare prosessen avklarar kva nye området som er tilrådelege å ta ut, og kva tilpassingar som kan gjerast i drifta for å minske dei opplevde ulempene i bygda.

Kommunedirektøren legg vidare til grunn at omsyn til naturmangfaldlova, ROS, støy, osb., vert avklara i planprosessen.