På historisk fotojakt langs Storfjorden

Etter nokre varme sommardagar var fotojakta i Norangsdalen og langs Hjørundfjorden ferdig. Underteikna avslutta refotograferingen av dette «Utvalde kulturlandskapet» med ein dagstur til Bjørke inst i Storfjorden.
Nyheiter

Men, i motsetning til alle turistar som på 1880-90-tallet tok båt innover fjorden, var eg i 2019 pent nøydd til å køyre rundt gjennom både Norangsdalen, Nibbedalen, Langedalen, Hornindalen og Skjåstaddalen før eg kom fram til Bjørke. Og på ein så fin sommardag, er det klart eg misunnte alle dei som heller kunne ferdast pr. båt i eit så magisk vakkert fjordlandskap.