Ferske teltturistar blir åtvara mot å grille i forteltet

Feil bruk av grill kan gi kullosforgifting.

I år er det venta at mange nordmenn som skal feire sommaren i eige land, kanskje vel telt for første gong. Giftinformasjonen åtvarar at det er livsfarleg å grille i forteltet.   Foto: Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK

Nyheiter

Giftinformasjonen ber uerfarne nordmenn ta forholdsreglar når dei blir freista av det enkle livet i telt i sommar.

Giftinformasjonen og Oslo universitetssjukehus fryktar fleire tilfelle av kullosforgifting til sommaren.

– I lys av koronasituasjonen så vil denne sommarsesongen truleg by på fleire uerfarne teltarar, båtfolk og camparar enn vanleg, seier overlege Merete Vevelstad i avdelinga for rettsmedisinske fag ved Universitetssjukehuset.

Det er spesielt bruk av eingongsgrill til å grille eller som oppvarmingskjelde i telt og fortelt, det blir åtvara mot på det sterkaste.

Straumaggregat

I tillegg til forgiftingar knytte til eingongsgrillar, er det kvart år òg alvorlege skadar og dødsfall på grunn av feil bruk av aggregat og gassapparat.

Giftekspertane seier at mange i dag brukar aggregat som blir drivne av diesel, bensin og gass der ein ikkje har straum.

– Vi er spesielt utsette for livstruande kullosforgifting når vi brukar apparat i små og dårleg ventilerte avlukke, seier avdelingsdirektør Mari Tosterud i Giftinformasjonen.

Døme er hyttedusjar med gassvassvarmarar og bruk av straumaggregat i båtar med kabin eller gassgrilling i fortelt.

Indre kveling

Kullos er ein snikande, fargelaus og giftig gass. Han oppstår ved ufullstendig forbrenning. Ein kan kjenne seg vanleg trøytt og uopplagt og ikkje oppfatte kva som er i ferd med å skje, før ein blir medvitslaus.

– Ein kan ikkje kjenne at ein pustar inn kullos, før ein byrjar å få symptom på forgifting, seier Tosterud.

Det som skjer når ein pustar inn kullos, karbonmonoksid (CO), er at gifta reagerer lettare med blodet enn oksygen (CO2) og blokkerer dermed for evna blodet har til å transportere oksygen som kroppen må ha. Det skjer ei indre kveling.

Førstehjelp består i å dra den som er forgifta, ut i frisk luft. Personen må unngå anstrengingar, viss det er naudsynt må ein gi kunstig andedrag. Den som er forgifta, må behandlast med oksygen, og lege må kontaktast så fort som mogleg.