Får støtte til festival i Laguneparken

Musikk i sentrum vil satse på arrangement i Laguneparken også i år. Kommunen vil støtte tiltaket.

Laguneparken: Musikk i sentrum har halde fleire konsertar i Laguneparken, og håper å få gjennomført slike også i år. 

Nyheiter

Kommunedirektøren rår til at Musikk i sentrum får eit tilskot på 10.000 kroner til slike arrangement. Vilkåret er at arrangementa kan haldast i samsvar med smittevernreglane.

Musikk i sentrum starta opp som lokal arrangør av ulike musikkopplevingar for fleire grupper av aktive utøvarar og eit engasjert publikum for 6 år sidan.

Eit grovt oppsett viser at kostnadane kan vere kring 60.000 kroner årleg. Det er søkt om tilskot også frå ulike sponsorar, stønadsordningar, gåver og «spleis» m.m.

– Fleire tiltak plasserer denne organisasjonen som ein særs viktig aktør innanfor eit viktig kulturfelt for fleire aldersgrupper, også for dei som får vere med som medhjelparar, heiter det frå kommunedirektøren.

Det er ikkje avklart korleis det kan haldast konsertar/eindagsfestivalar i Laguneparkenjamfør koronasituasjonen. Men kommunedirektøren meiner dette kan verte avklart meir utover året, og rår levekårsutvalet til å løyve 10.000 kroner.