Varslar sterk vind

Meteorologisk institutt varslar sterk vind på Vestlandet fredag ettermiddag og kveld. Det er gult farenivå.

Det er varsla sterk vind fredag ettermiddag og kveld.  Foto: Meteorologisk institutt

Nyheiter

– Fredag ettermiddag og kveld er det venta vind frå sør og søraust med lokalt kraftige vindkast 25–28 m/s i indre fjordstrøk og kraftig vind i fjellet. I ytre strøk ventast det mindre vind, heiter det i varselet.

Det vert rådd til å sikre lause gjenstandar.

– Unngå unødvendig ferdsel på utsette stader. Følg råd og sjekk status frå transportaktørar. Sjekk vegmeldingar (175.no), heiter det frå Meteorologisk institutt,

Det er frykta at lause gjenstandar kan blåse av garde. Vidare at det er moglegheit for kansellerte avgangar for ferje, fly eller annan transport. Bruer kan bli stengt.

– Enkelte reiser vil kunne få lenger reisetid. Straumforsyninga kan bli påverka, for eksempel som følgje av tre som knekker eller kjem i kontakt med straumnettet. Enkelte vegar kan bli stengt på grunn av tre eller andre objekt i vegbana, heiter det i varselet.