Varslar flaumar i helga

Auka nedbør kan mangedoble flaum- og skredskadar dei neste åra om det ikkje blir satsa nok på førebygging. Det viser ein studie frå Vestlandsforsking og Menon Economics, som er gjort for Statens vegvesen. Her frå flaumen i Bismo i 2018. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix / NPK  Foto: Ørn E. Borgen

Nyheiter

(NPK):Varmen i helga kan føre til stor vårflaum fleire stadar i helga.

Varmegradane som kjem i helga vil føre til stor snøsmelting i fjella. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om flaum, jord og snøskred i heile landet, skriv NRK.

I Nord-Noreg skal det vere 95 prosent sannsyn for flaum med vedvarande alvorlege skadar, i Trøndelag er sannsynet for flaum 90 prosent, medan det i Sør-Noreg er 75 prosent sannsyn i Gudbrandsdalslågen ved Losna.

Ole Irgens, kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, seier til NRK at dei forventar skadar på bustadhus og industri til ein halv milliard kroner. I tillegg kjem skadar på dyrka mark.