Olavsdalen kan få gapahuk

Kommunedirektøren rår til at trimgruppa i Sæbø IL får setje opp ein gapahuk i Olavsdalen på sørsida av Sæbø.

Olavsdalen: Gapahuken skal setjast opp i Olavsdalen, under Storhornet. 

Nyheiter

Samfunnsutvalet skal handsame søknaden komande veke.

Kommunedirektøren seier i tilrådinga at ho ser svært positivt på tiltaket, som vil vere eit tilretteleggingstiltak til nytte for utøving av nærfriluftsliv i Bondalen, og som vil bidra til å auke attraktiviteten til området og bulyst for innbyggarane.

Søknaden har vore til høyring, og det er ingen vesentlege merknader anna enn at det må gjerast ei rasfarevurdering. Kommunedirektøren meiner trimgruppa i Sæbø IL kan søkje kommunen om tilskot til å dekke denne kostnaden.

I ein meir generell kommentar seier Fylkesmannen i Møre og Romsdal at det synest verte sett opp gapahukar mange stader, og at slike saker bør sjåast i ein større samanheng.


– Dette er kommunedirektøren samd i på eit generelt grunnlag. Gapahuken her ligg i eit område med etablert tursti og nær Sæbø sentrum. Kommunedirektøren meiner det legg til rette for nærfriluftsliv utan å medføre for store ulemper for andre omsyn, heiter det i saksutgreiinga.