Nortura vil betale meir for egg og storfe

Storfe får eit solid løft i prisane.   Foto: Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Nyheiter

Konsernstyret i Nortura har vedteke engrosprisane for neste halvår. Egg og storfe får eit tydeleg løft, medan prisen for lam berre blir justert.

Bønder som driv med storfe eller verpehøner vil nok merke forskjellen når Nortura løftar prisane sine, skriver Nationen.

Prisen på storfe aukar med 1,60 kroner kiloen, og landar då på 62,80 kroner for andre halvår i år. Dette er største prisauken sidan 2013.

For egg går prisen opp 4,1 prosent, noko som også er største auken sidan 2013.

Prisauken på lam er berre 0,30 kroner per kilo, noko som betyr at det ikkje blir dei store endringane i kassa til sauebønder.