Kollisjon på Ose

Nyheiter

Møre og Romsdal 110 melder på Twitter at det har vore eit trafikkuhell i krysset Voldavegen (E39) og Melsvegen.

To bilar er involvert i ulykka.

Det er lange køar i området.

Oppdatering: Politiet melder om at det ikkje har vore personskade i samband med kollisjonen og at vegen er rydda.