Klypa

- Det er med tungt hjarte vi avlyser

Kjellen må vente til betre tider før han står på scena igjen.  Foto: Janne-Marit Myklebust/Arkiv

Nyheiter

Klypa og Ryste Entertainment AS avlyser premieren og huastturneen på det nye Klypashowet "Global Utblåsing".

Det melder Thomas Ryste på Facebook.

- Trist dag for oss i Klypa og for alle som hadde gleda seg til nytt show. Slik blei det diverre, så får vi berre håpe vi kan komme sterkt tilbake ved seinare høve, skriv Ryste.

- Det er med tungt hjerte vi må fortelle at vi har beslutta å avlyse premieren og haust-turneen på det nye Klypashowet "Global Utblåsing», grunna usikkerheita rundt pandemien og smittevern. Vi håper vi kjem sterkt tilbake på scena ein annan gng. Alle billettar som er selde vil sjølvsagt bli refundert, står det i meldinga frå selskapet.