Møre og Romsdal vil ha oppstart av Stad skipstunnel til neste år

Stad skipstunnel sett frå Kjøde.   Foto: ILLLUSTRASJON: KYSTVERKET/SNØHETTA

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune forventar at Stad skipstunnel får oppstartsløyve neste år.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i sin innstilling til Nasjonal transportplan prioritert oppstart av Stad skipstunnel som det eine store investeringsprosjektet innanfor sjøtransport, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Fylkesutvalet føreset naturlegvis at Stortinget følgjer opp dette og gir oppstartsløyving i 2021 og fullfinansiering til neste år. Statsbudsjettet for 2021 er siste sjanse til å innfri dette løftet frå Regjeringa og Stortinget. Den første skipstunnelen i verda kan då opnast i 2025, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap).

Fylkeskommunen meiner prosjektet vil kunne bidra til sysselsetjing og verdiskaping i to fylke som er hardt ramma av tiltak mot Covid-19.

– For reiselivet vil tunnelen også bety eit stort løft og opne nye moglegheiter for Vestlandet. Dessutan er det eit viktig prosjekt for trafikktryggleik og beredskap, seier Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdsleutvalet.