Ikkje løyvingar til Hjellen

Hjellen Barstadvik - synfaring - fylkestrafikktryggingsutvalet 

Nyheiter

Ørsta kommune har kontakta Statens vegvesen om bygging av gang- og sykkelveg på Hjellen i Barstadvik. Trafikktrygging langs E39 i området har vore problematisert fleire gonger dei siste åra, men prosjektet har ikkje materialisert seg. Vegvesenet har svart kommunen med at det ikkje er budsjetterte midlar for gjennomføring av prosjektet i mai.

– Vi tek med oss alle innspel til vidare arbeid med budsjett og handlingsprogram for seinare år, heiter det i svaret.