Han kjem heilt frå Sentral-Afrika for å plage småfuglar

«Gauken, gauken klukkar og ler….» song vi. Og no er det like før.

Gauken: «Han er ikkje god å få auge på, og du må nesten ha sett han før, for å kunne kjenne att, denne litt haukaktige fuglen med den lange stjerten som fyk forbi og gøymer seg, så snart han ser eit menneske.» Illustrasjon: Arne Ola 

Men så sky er han at han har skapt mange mytar opp gjennom åra

Nyheiter

Kanskje har du allereie høyrt det første ko-ko ljoma i ei eller anna li i bygda. Han er årvis og vårvis, og kjem flygande heilt frå Sentral-Afrika for å plage nokre småfuglar denne sommaren.

Han er ikkje god å få auge på, og du må nesten ha sett han før, for å kunne kjenne att, denne litt haukaktige fuglen med den lange stjerten som fyk forbi og gøymer seg, så snart han ser eit menneske. Kanskje den modigaste kan slå seg ned på ein kraftstreng eller ein tretopp og gale litt. Men så sky er han at han har skapt mange mytar opp gjennom åra. Det skulle ha mykje å seie for sommaren i kva retning du høyrer gauken først. Og skulle du vere meir heldig enn dei heldigaste i lottotrekninga, så måtte du kome deg under treet der gauken sit og kokkar, utan at gauken flyg vekk. Då kunne du ønskje deg minst tre ting, og alt ville gå til deg.


Tårnseilaren

– Frå han vert fødd, kan det gå tre-fire år utan at han er i kontakt med bakken

Denne fuglen er det kanskje få som kjenner til.




Gaukunge

Denne fuglen har også fått mindre gode omgrep kalla opp etter seg. Ein gaukunge er ikkje mykje verdt på folkemunne. For både dei med og dei utan særleg god moral, vert litt forarga på denne fuglen som utnyttar og plagar småfuglar, både for at gaukungen skal leve opp, men også fordi dette fører med seg at alle egga eller ungane til adoptivforeldra vert drepne. Fuglar som heipiplerke, raudstrupe, linerler eller andre, er «byttet» når gauk-hoa leiter etter reir å legge egget sitt i. I fleire dagar kan ho sitje på ein streng eller i eit tre og følgje med livet til småfuglane i nærleiken. Så finn ho kanskje ein lauvsongar som smett litt inn og ut av ei grastue. Der er reiret, og i eit lite pusterom for den vesle fuglen til å finne seg litt mat, legg gauken egget sitt på bakken, så tek ho egget og plasserer det i lauvsongarreiret, men passar vel på å ta eit av vertsfuglen sine egg og kaste det ut.


Spettmeisa: I full fart, med hovudet ned

Den klare «plystre- lyden» frå spettmeisa er lett kjenneleg. Kanskje har du ikkje lagt merke til denne artige fuglen som held til i blandingsskogen vår.


Sjølv om gauken er fleire gongar større enn den vesle lauvsongaren, legg ho svært små egg, og mønsteret på egget, liknar veldig mykje på egga i reiret. Gaukungen vert klekt før dei andre egga, slik er han klar til «kjeltringstrekane» stort sett med ein gong: Å få dei andre egga, eller dei andre ungane i reiret vekk. Han klarer å få egga opp på ryggen, der han har som ei hole mellom vengefesta. Så aker han seg til reirkanten og så langt opp at han tippar egga eller ungane utfor. Dermed rår han grunnen åleine og kan konsentrere seg om å skrike etter mat heile tida, medan dei ufrivillige adoptivforeldra må slite døgnet rundt for å skaffe mat. Etter kvart vert reiret for lite til gaukungen som dei siste vekene før han kan flyge sjølv må ligge til dels utanfor reiret.


Nasjonalfuglen

At kåringa av Noregs nasjonalfugl skulle gi fossekallen fleirtalet av røystene, seier kanskje litt om menneska i fedrelandet vårt, men endå meir om fuglen.


Larvemat

Det underlege er at ein gaukunge som er klekt i eit heipiplerkereir, som vaksen nesten alltid vil jakte på reir av denne vertsfuglen, og egga vil likne på dei heipiplerka legg.

Noko av det beste gaukungen får av mat, er store hårete larvar. Og det store oransje gapet på gaukungen kan romme både dei store larvane og hovudet til adoptivforeldra,

Allereie i slutten av juli kan dei vaksne gaukane reise sørover. Ungane sine har dei korkje peiling på eller omsorg for. Dei får pent finne vegen sjølve til langt sør i Afrika. Korleis dei kan finne vegen, er det kanskje ingen som veit. Det berre er slik.

Så får vi lytte etter gauken, både når du går ein tur på stien, eller berre er ein tur utfor huset. Dei fleste synest gauken høyrer med til våren og sommaren. Og anten vi likar det eller ikkje, det er lite vi kan gjere for å endre alle etiske verdiar hos gauken.