DNT stengjer doane

  Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Nyheiter

Om du skal ut på tur i år må du førebu deg på å bruke naturen som toalett. Av smitteomsyn lukkar DNT døra til alle inne- og utedoar for dagsturistar.

– For å kunne ha eit tilbod til alle som ynskjer å kome seg ut på tur i sommar, er vi heilt nøydde til å ha restriksjonar som dette. Vi gjer det for å hindre smittespreiing og smittepress, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, til NRK.

DNT sine toalett vil berre stå opne for overnattande gjester. Tidlegare år har også dei som har vore på dagsturar fått lov til å bruke toaletta.

No oppmodar DNT folk til å planleggje ekstra godt før ein går ut på tur. Dei tipsar om å ta med ein liten pose, og ein liten spade, slik at ein kan grave eit hol om ein må på do.