Ørsta

Sms-timebestilling på helsestasjonen

Sms-tenesta gjeld helsestasjon 0-5 år og svangerskapsomsorg.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

Fredag 22 mai innførast det system for SMS timebestilling ved Ørsta helsestasjon. Tenesta gjeld helsestasjon 0-5 år og svangerskapsomsorg.

Dette er ein av leveransane i det interkommunale prosjektet "Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste", og er eit tiltak for gjere tenestane knytt til helsestasjonen meir tilgjengeleg for brukarane.

- Det er meiningslaust at ein i 2020 må ringe, og kanskje hamne i telefonkø, for eit så enkelt ærend som å endre, avbestille eller bestille ny time på helsestasjonen, seier leiande helsesjukepleiar Ingun Håheim Fjørtoft og prosjektleiar Inge Pettersen. Det gjer vi noko med no.